Velkommen til nettsida for Brørvikskuto
Brørvikskuto er ei rekonstruert vedaskute, som er vorte ein flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Brørvikskuto skal vera i aktiv bruk som ein dokumentasjon på den båttypen som i si tid vart nytta i fjordane i Nordhordland, og som tradisjonsberar for fjordkulturen.
 
Dersom du ynskjer å vite noko om aktivitetar knytt til skuta, gå inn på sida Skutefolket. Her finn du informasjon og tidspunkt for mellom anna dugnadskveldar, kurs og den årvisse festivalen Kulturdagar og fiskefestival i Stamnes. Mengda av aktivitetar vil variere noko med årstidene.

Ein flytande tradisjonsberar

Den rekonstruerte vedaskuta Brørvikskuto, er vorte ein flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Då dampskipa kom inn i fjordferdsla på midten av 1800-talet fekk det dramatiske følgjer for skutetrafikken.
Brørvikskuto skal vera ein opplevings- og kunnskapsarena til lokale og regionale nærings- og turistverksemder. Det å verta transportert i ein så stor, open båt er ei oppleving i seg sjølv. Aktivitetar som roing, segling og knuteslåing kan utvida tilbodet.
 
Formidling retta mot born og ungdom spenner over eit vidt felt, frå gode opplevingar på fjorden med transport av produkt frå elevbedrifter til formidling av soga til fjordferdsla. Skuto er og eit tilbod til dei som er interessert i trevirke og byggeteknikk knytt til skuto.

Aktørane kring Brørvikskuto
Det er fleire aktørar som er knytt til Brørvikskuto. For å få ei oversikt over desse kan du lese meir om kvar enkelt i tekstane under.

Eigarane Stiftinga Brørvikskuto
Stiftinga Brørvikskuto er sett saman av personar frå ulike miljø med ei felles interesse for å lata skuto gjera fjordkulturen levande for ålmenta. Meir informasjon finn du under Om oss
Om vedaskuto Brørvikskuto
Kva vil me med Brørvikskuto

Brørvikskuto skal vera i aktiv bruk som ein dokumentasjon på den båttypen som i si tid vart nytta i fjordane i Nordhordland, og som tradisjonsberar for fjordkulturen.
 


Brørvikskuto skal vera ein opplevings- og kunnskapsarena til lokale og regionale nærings- og turistverksemder. Det å verta transportert i ein så stor, open båt er ei oppleving i seg sjølv.Aktivitetar som roing, segling og knuteslåing kan utvida tilbodet.
Formidling retta mot born og ungdom spenner over eit vidt felt, frå gode opplevingar på fjorden med transport av produkt frå elevbedrifter til formidling av soga til fjordferdsla.
Skuto er og eit tilbod til dei som er interessert i trevirke og byggeteknikk knytt til skuto.
Om dugnadsorganisasjonen Skutefolket
Det er mange som er oppglødde over at Brørvikskuto er komen på sjøen. Desse er no samla i eit venelag som kallar seg Skutefolket. Skutefolket er ei samling med kjekke og flinke dugnadfolk som har som mål å skapa eit levande mijlø kring Brørvikskuto. 

Skutefolket skal stø opp om Brørvikskuto og vera med å skapa eit levande miljø kring skuto. 
Dei skal ta vare på ferdsla og syna korleis skutene vart brukte.

Det er mange måtar å bidra på i Skutefolket: Du kan ro, segla, spleisa tau, vera matros, fortelje gode historiar, ta med nistekorg på dugnad, syngja eller spela, dansa og elles vera med på å laga tilskipingar kring skuto.

Ingen er like flinke til alt - men alle er flinke til noko! Saman er Skutefolket ein gjeng ulike menneske med ei felles gleda: Å ta vare på soga om skuteferdsla og oppleva korleis desse skutene vart nytta, før dampbåter, motorfartøy, tog og lastebåter tok over. Det sosiale samværet har ein brei plass hjå oss!
 
Det kviler ikkje kvila økonomiske krav på Skutefolket, men ei viss organisering med medlemskap og lagspengar har me funne det naturlig å ha. Prisar får du opplyst ved å ta kontakt med vedkommande som er sett opp under linken Kontakt i venstre marg.
Skutefolket i "Tiljevals" på Brørvikskuto. (Foto: Ruth Olsnes)
 
Organisering av Skutefolket
Den 10. september hadde skutefolket sitt første møte i Kvamsnaustet der det fyrste styret vartvalt:

Helene Kvamme - leiar
Trude Kallestad - nestleiar/skrivar
Susanne Leiren - kasserar
Arnljot Møster - styremedlem
Kjell Arnstein Vedå - styremedlem

Varafolk:
Ben. Norby
Atle O. Bolstad
Oddny Kallestad
Liv Seime Stamnes
Om Kvamsholmen
Brørvikskuto har no fått ein varig heimstad: Kvamsholmen.
Kvamsholmen ligg i Veafjorden som er den mest særmerkte fjorden i fjordsystemet i indre Nordhordland.

Her er gardane framleis veglause og aktivitetane til Brørvikskuto vil kunna drivast i eit sjøbruksmiljø som ligg tett opp til det som var før i tida.
I samarbeid med Vestnorsk Kulturakademi på Voss har Stiftinga Brørvikskuto reist eit grindbyggnaust, 18,5 m langt og 9 m breitt, til skuto der det før stod ei nothengje.

Arbeidet er utført som eit kurs i byggeskikk og bygningsvern, og i tillegg til kursdeltakarane var medlemer frå Stiftinga og Skutefolket med i reisinga av grindbyggnaustet.
Brørvikskuto som har hatt vinteropplag på Stamnes, vil frå hausten 2003 få naustplass i grindbygget der det og vil verta plass for ymse undervisningsopplegg.
Brørvikskuto i vinteropplag på Stamnes. (Foto: Atle O. Bolstad)
 
Grindbyggnaustet under reising på Kvamsholmen. (Foto: Atle O. Bolstad)

        Rediger