Om stiftinga Brørvikskuto

Føremål
Stiftinga Brørvikskuto er ei privat stifting som vart skipa den 7. mai 2002. Stiftinga har som føremål
  • å eiga og ta vare på "Brørvikskuto"
  • å arbeida for at ho vert brukt til å formidla den tradisjonelle og spesielle kulturen i Nordhordland til eit so breitt publikum som mogeleg
  • å arbeida for å kopla bruk av skuta mot lokalt næringsliv
  • å skapa ein opplevings- og kunnskapsarena for mellom anna skular, nærings- og reiseliv
I tillegg til "Brørvikskuto" er stiftinga eigar av Skutenaustet som står på bygsla grunn på Kvamsholmen i Veafjorden. Arbeidet med formidling, drift og vedlikehald av skuta og naustet vert organisert gjennom veneforeininga Skutefolket. Formidlingsarbeidet vert særleg retta mot born og ungdom. Stiftinga Brørvikskuto har difor status som lotteriverdig organisasjon, og ho er registrert i Frivillighetsregisteret. Det er vedtektsfesta at ved eventuell oppløysing skal Osterøy museum overta alle rettar og skylnader etter samråd med fylkeskommunen og Osterfjordrådet.
 
Styret
Styret har i dag desse medlemene:
  • Anne-Mari Hannisdal (leiar)
  • Oddny Kallestad
  • Ågot Gammersvik
  • Ola Kristoffer Kvamme
  • Mons John Stamnes
  • Sigmund Simmenes
  • Oddvar Arild Bukkestein
I tillegg møter Helene Kvamme som observatør frå Skutefolket.
 
Frå overdraginga av skuta i 2002. Frå venstre: Hans Brørvik, Gunnar S. Haugsvær, Arne Laastad og Arne Høyland. (Foto: Atle Ove Martinussen)

        Rediger