Gode dagar på Brørvikskuto
"Gode dagar på og kring Brørvikskuto" Elevar på Stamnes skule på tokt med Brørvikskuto 16. og 17. juni 2003.06.22 Stiftinga Brørvikskuto har gått inn i eit samarbeid med Stamnes skule om å prøva ut eit formidlingsprosjekt knytta til Brørvikskuto. Ei styringsgruppe med Jan Erik Dale frå Stamnes skule, Ola Kvamme og Atle O. Bolstad frå Stiftinga har arbeidd ut eit program som vart prøvd ut 16. og 17. juni. Det var 17 forventningsfulle elevar som saman med læraren, Jan Erik, som steig i land på kaien ved Kvamsnaustet, der dei vart ynskt velkomne av Ola Kvamme. Inne i naustet vart utstyr og reiskap rundt på naustveggane til levande fjordsoge i Ola si interessante framføring. Ute på kaien fortalde Atle om fjordferdsla før og no. Elevane laga kjede og langa vedskier fram til Brørvikskuto der dei fekk praktisera å leggja veden i lad i skuto slik det vart gjort då skutene leverte brenneved til bakeria i Bergen. Etter at redningsvestane var kome på, og Ola hadde instruert i sjøvettreglar, kunne elevane ta årene fatt under kyndig rettleiing av Trygve Kallestad. Skuto vart styrt til fiskegarna som Ola hadde sett ut kvelden før. Spaninga var stor, men fangsten vart diverre berre 3 kråkebollar. Elevane retta dette opp straks dei hadde lært å fortøya skuto. Då vart fiskestengene tekne fram og det tok ikkje lang tid før fisken sprella på skutedørken. Jan Erik leia teltslaginga og gjorde elevane kjend med leirlivet. Dei 4 elevgruppene trylla fram ymse pasta- og kjøtrettar på stormkjøkkene, og det høyrdest ikkje ut som dei tok det så tungt at garna var tomme. Neste post på programmet var togarbeid. Elevane fekk prøva takling og slå knutar. Toget som dei hadde øvd seg på vart lagt i barkelog som Atle hadde kokt etter gamal oppskrift. Kjelen med log vart symbolsk sett ned i den gamle barkebrønnen på holmen. Jan Erik hjalp elevane med knutar som skulle sikra at storfisken vart hengande på kroken. I den flotte sumarkvelden var det fint å samla seg rundt leirbålet der det vart grilla pylser og hamburgarar. Ein ekstra spiss på kvelden vart sett då rektor Liv Eli Stamnes m/familie kom på vitjing og hadde med nybakte bollar. Ola kom over til holmen med dragspelet sitt og "Tiljevalsen" og "Brørvikabrure" tonte utover den damstille Veafjorden. Det vart lenge før svevnen tok teltbuarane den natta! Då frukost , pakking og opprydding var gjort unna neste formiddag tok elevane fatt på siste programpost. Det var å setja saman ein grindbyggmodell som Atle hadde tatt med frå Flåtemuseet på Bolstad. Gruppene ordna seg i arbeidslag og det tok ikkje lang tid før eit grindbygg sto ferdig på kaien ved sida av Brørvikskuto: to av dei mest markante kulturberarar i Veafjorden. Det var mange hjelparar som hadde bore fram eit vellukka prosjekt der kanskje vergudane var dei mest hjelpsame!


19.07.2009

Fiskefestival og kulturdagar i Stamnes

Komande helg, 25. og 26. juli-09, vert dei årvisse Kulturdagar/Fiskefestival i Stamnes arrangert!
Litt om programmet:
16.07.2009

Under segl på Romarheimsfjorden.

Ei skute skal ha vind i segl og mannskapet røynsle.
Laurdag 12. juli fekk me seglet ombord. Masta var reist nokre dagar tidlegare,  berre riggen måtte trimmast.
12.06.2009

Atle O.Bolstad - minneord

13.12.2008

Minneord om Hans A. Brørvik

21.10.2008

Grådig kjekke dagar i Skipshelleren

28.09.2008

Sangglade born i Brørvikskuto 

21.09.2008

Skutefolket går ikkje i opplag! 

21.09.2008

Brørvikskuto med storsatsing for skuleborn 

04.08.2008

Kulturdagane på Stamnes 2008 vart suksess

04.08.2008

Mastereisinga i Kalvik, ei storhende for båtbrukkulturen 

23.07.2008

Program for Kulturdagane  på Stamnes

26.06.2008

Ny arbeidsøkt på masta til Brørvikskuto

18.06.2008

Sumarmånaden juli får sitt høgdepunkt på Stamnes

05.06.2008

Masterbragd på Kvamsholmen

03.06.2008

Brørvikskuto på sjødn, og klar for nye tokt 

03.06.2008

Tjørebreiing og sumarvarme er ein god kombinasjon 

03.04.2008

Årsmøtet 2008 på tradisjonell rundgang 

03.01.2008

Påmelding Nyttårsfest! 

03.01.2008

Mastreemna i rørsle kvar veke 

24.11.2007

Mastrenemnda starta og slutta av i myrkna

18.11.2007

Skuleborn knyter band til Brørvikskuto

15.11.2007

To masteemne felt i Verpelstadskogen 

28.08.2007

Dramatisk avslutting på seglkurset

28.08.2007

Brørvikskuto inn i Den Grøne Sløyfa 

03.08.2007

Braksuksess for Kulturdagane

25.07.2007

Brørvikskuto under segl i Veafjorden

25.07.2007

Tre store toppar på Kulturdagane

29.06.2007

Hurra!!! Brørvikskuto under segl.

10.06.2007

Mange vitja Brørvikskuto sin stand på Daledagane

07.05.2007

Læreviljuge skutefolk på seglkurs

03.05.2007

Brørvikskuto i Norheimsund

26.04.2007

Storslått biletutstilling på Kulturdagane olsokhelga

18.03.2007

Hurra! Seglet til Brørvikskuto er ferdig sauma!

01.02.2007

Rev i seglet?

10.11.2006

Skutefolket inviterar til julebord i Kvamsnaustet 

21.10.2006

Saumkurset har fengje vind i seglet att

02.08.2006

Kulturdagane og Fiskefestivalen 2006 ein suksess

19.06.2006

Brørvikskuto sjøsett for tokt i 2006

19.06.2006

Det ljosner for økonomien til Brørvikskuto

21.04.2006

Skutefolket samla til årsmøte i Grøsvik

14.02.2006

Kurs i sauming av råsegl

07.02.2006

Lutbrevteikning til støtte for Brørvikskuto 

23.12.2005

Jolebordet 2005

08.11.2005

10.000 kroner frå STATOIL

07.11.2005

Vellukka oppdraging av Brørvikskuto 

05.10.2005

Brørvikskuto får slipp på Kvamsholmen

26.09.2005

Gode hausttokter for Brørvikskuto.

26.09.2005

Slektstreff i Brørvikskuto. 

26.09.2005

Brørvikskuto på TV. 

26.09.2005

Vellukka Kulturdagar 2005 i Kvamsnaustet 

26.09.2005

Suksess for Brørvikskuto på Stokkfiskfestivalen 

26.09.2005

Brørvikskuto synte seg fram for fyrste gong på Daledagane 

29.06.2005

Ny vri på Kulturminnedagane

Les meir..
16.06.2005

Årsmøtet og sjøsetjing på same kveld 

16.06.2005

Skutefolket heldt årsmøtet på Kvamsholmen 

23.05.2005

Brørvikskuto gjerast klar for nye tokt 

23.05.2005

Festival i Bergen

Brørvikskuto til stokkfiskfestival i Bergen 
23.05.2005

Lutbrev

Lutbrev til støtte for Brørvikskuto
23.05.2005

Årsmøte i Skutefolket

Årsmøtet i Skutefolket på Kvamsholmen 31. mai
23.05.2005

Elevar frå Stamnes skule på tokt  med Brørvikskuto

"Gode dagar på og kring Brørvikskuto" 
22.05.2005

Brørvikskuto på nytt tokt. Denne gong til Bolstad.

I høve DEN NORSKE KULTURMINNEDAGEN 2004 inviterar Trivselsgrenda Bolstad
til tilskipinga:
"Lokal tradisjonsmat frå Vassvøri og sendinga sjøvegen til Bergen"
Les meir..
21.06.2004

Skutefolket inn i ny sesong med god bør!

Skutefolket ut av vinteropplag!
21.06.2004

Stor aktivitet i Skutefolket. Gjenvalg av styret.

Etter at Arne Høyland hadde avslutta Kulturdagane 2004 med eit interessant foredrag med ljosbilete om Brørvikskuto kunne leiar i Skutefolket, Helena Kvamme, ynskje velkomen til årsmøtet i Skutefolket.
29.07.2003

Fiskekongen fiska frå Brørvikskuto

Brørvikskuto, fellesbåt på Fiskefestivalen... 

        Rediger