Tett mellom høgdepunkta på Kulturdagane
Det var god fangst ordførar Øivind Olsnes fekk då han sleppte steinane frå laksegiljo midt i Stamnes sentrum. Tross regn var det ein stor stim av folk som var møtt fram til opninga under giljo.
Trygve Kallestad hadde sett opp ein tro kopi av ei laksegilje som tente som talerstol for ordførar og stemneleiar Kjell Terje Carlsen. Det var eit symbolsk og originalt bygg som sikkert vert ein gjengangar på dei framtidige kulturdagane.
Det heile starta med at Brørvikskuto og Haabet under fulle segl kom inn fjorden og under trommekvervler frå Ben. Nordby la til kai presis kl. 12:00.
Skutefolket hadde stand og kafe på kaien. Seinare på dagen vart Brørvikskuto fylt med ivrige fiskarar som trossa eit øsande regnver. Dei drog inn aurar, lyr, hyse og makrel; men denne gong hadde ikkje Brørvikskuto premievinnarar med i båten.
"Veafjord" gjekk i skytteltrafikk til Kvamsnaustet med kunstinteresserte passasjerar som ville vitja biletkunstnar Ørnulf Opdahl si utstilling. Trafikken vart ikkje mindre sundag. Det var mange som hadde fått med seg at denne utstillinga var eit storhende, og at dei tykte om bileta synte det store salet. Både Ørnulf Opdahl, og Skutefolket som tilskiparar, var stornøgde.
Kulturdagane fekk ei fantastisk avslutting med den svenske trubadur Gøran Fristorp sin konsert i Stamnes kyrkje sundag kveld. Etter ein godlynt introduksjon ved Ove Magne Straume, fekk dei omlag 200 frammøtte oppleva song og gitarspel framført med innleving og høg kvalitet. Fristorp måtte gje fleire ekstranummer som publikum lønna med ståande applaus.
Det siste skal og Skutefolket ha for vel gjennomførte Kulturdagar 2007!
 
Giljebyggaren Trygve Kallestad ventar på fangst. (Foto: Atle O: Bolstad)
 
 
Biletkunstnaren Ørnulf Opdahl  får ly under paraplyen til Anny Leiren. (Foto: Atle O. Bolstad)
 
 
Skutefolket sel kaffi og kaker, og billettar til Gøran Fristorp- konserten. (Foto: Atle O. Bolstad)
 
 
Deltakarane i fisketevlinga vørde ikkje regnveret. Andreas på utsida av ripa ser ut som han kopierar ein annan kjend fiskar som gjekk på sjødn. (Foto: Atle O. Bolstad)
 
 
Bilete som Helene Kvamme heldt er ei raus gåve frå Ørnulf Opdahl til Skutefolket. Ved opninga av Kulturdagane  overrekte Helene ei gåvehelsing til Opdahl frå Skutefolket. (Foto: Atle O. Bolstad)

19.07.2009

Fiskefestival og kulturdagar i Stamnes

Komande helg, 25. og 26. juli-09, vert dei årvisse Kulturdagar/Fiskefestival i Stamnes arrangert!
Litt om programmet:
16.07.2009

Under segl på Romarheimsfjorden.

Ei skute skal ha vind i segl og mannskapet røynsle.
Laurdag 12. juli fekk me seglet ombord. Masta var reist nokre dagar tidlegare,  berre riggen måtte trimmast.
12.06.2009

Atle O.Bolstad - minneord

13.12.2008

Minneord om Hans A. Brørvik

21.10.2008

Grådig kjekke dagar i Skipshelleren

28.09.2008

Sangglade born i Brørvikskuto 

21.09.2008

Skutefolket går ikkje i opplag! 

21.09.2008

Brørvikskuto med storsatsing for skuleborn 

04.08.2008

Kulturdagane på Stamnes 2008 vart suksess

04.08.2008

Mastereisinga i Kalvik, ei storhende for båtbrukkulturen 

23.07.2008

Program for Kulturdagane  på Stamnes

26.06.2008

Ny arbeidsøkt på masta til Brørvikskuto

18.06.2008

Sumarmånaden juli får sitt høgdepunkt på Stamnes

05.06.2008

Masterbragd på Kvamsholmen

03.06.2008

Brørvikskuto på sjødn, og klar for nye tokt 

03.06.2008

Tjørebreiing og sumarvarme er ein god kombinasjon 

03.04.2008

Årsmøtet 2008 på tradisjonell rundgang 

03.01.2008

Påmelding Nyttårsfest! 

03.01.2008

Mastreemna i rørsle kvar veke 

24.11.2007

Mastrenemnda starta og slutta av i myrkna

18.11.2007

Skuleborn knyter band til Brørvikskuto

15.11.2007

To masteemne felt i Verpelstadskogen 

28.08.2007

Dramatisk avslutting på seglkurset

28.08.2007

Brørvikskuto inn i Den Grøne Sløyfa 

03.08.2007

Braksuksess for Kulturdagane

25.07.2007

Brørvikskuto under segl i Veafjorden

25.07.2007

Tre store toppar på Kulturdagane

29.06.2007

Hurra!!! Brørvikskuto under segl.

10.06.2007

Mange vitja Brørvikskuto sin stand på Daledagane

07.05.2007

Læreviljuge skutefolk på seglkurs

03.05.2007

Brørvikskuto i Norheimsund

26.04.2007

Storslått biletutstilling på Kulturdagane olsokhelga

18.03.2007

Hurra! Seglet til Brørvikskuto er ferdig sauma!

01.02.2007

Rev i seglet?

10.11.2006

Skutefolket inviterar til julebord i Kvamsnaustet 

21.10.2006

Saumkurset har fengje vind i seglet att

02.08.2006

Kulturdagane og Fiskefestivalen 2006 ein suksess

19.06.2006

Brørvikskuto sjøsett for tokt i 2006

19.06.2006

Det ljosner for økonomien til Brørvikskuto

21.04.2006

Skutefolket samla til årsmøte i Grøsvik

14.02.2006

Kurs i sauming av råsegl

07.02.2006

Lutbrevteikning til støtte for Brørvikskuto 

23.12.2005

Jolebordet 2005

08.11.2005

10.000 kroner frå STATOIL

07.11.2005

Vellukka oppdraging av Brørvikskuto 

05.10.2005

Brørvikskuto får slipp på Kvamsholmen

26.09.2005

Gode hausttokter for Brørvikskuto.

26.09.2005

Slektstreff i Brørvikskuto. 

26.09.2005

Brørvikskuto på TV. 

26.09.2005

Vellukka Kulturdagar 2005 i Kvamsnaustet 

26.09.2005

Suksess for Brørvikskuto på Stokkfiskfestivalen 

26.09.2005

Brørvikskuto synte seg fram for fyrste gong på Daledagane 

29.06.2005

Ny vri på Kulturminnedagane

Les meir..
16.06.2005

Årsmøtet og sjøsetjing på same kveld 

16.06.2005

Skutefolket heldt årsmøtet på Kvamsholmen 

23.05.2005

Brørvikskuto gjerast klar for nye tokt 

23.05.2005

Festival i Bergen

Brørvikskuto til stokkfiskfestival i Bergen 
23.05.2005

Lutbrev

Lutbrev til støtte for Brørvikskuto
23.05.2005

Årsmøte i Skutefolket

Årsmøtet i Skutefolket på Kvamsholmen 31. mai
23.05.2005

Elevar frå Stamnes skule på tokt  med Brørvikskuto

"Gode dagar på og kring Brørvikskuto" 
22.05.2005

Brørvikskuto på nytt tokt. Denne gong til Bolstad.

I høve DEN NORSKE KULTURMINNEDAGEN 2004 inviterar Trivselsgrenda Bolstad
til tilskipinga:
"Lokal tradisjonsmat frå Vassvøri og sendinga sjøvegen til Bergen"
Les meir..
21.06.2004

Skutefolket inn i ny sesong med god bør!

Skutefolket ut av vinteropplag!
21.06.2004

Stor aktivitet i Skutefolket. Gjenvalg av styret.

Etter at Arne Høyland hadde avslutta Kulturdagane 2004 med eit interessant foredrag med ljosbilete om Brørvikskuto kunne leiar i Skutefolket, Helena Kvamme, ynskje velkomen til årsmøtet i Skutefolket.
29.07.2003

Fiskekongen fiska frå Brørvikskuto

Brørvikskuto, fellesbåt på Fiskefestivalen... 

        Rediger