Foto: Helene Kvamme

«Brørvikskuto», ein flytande tradisjonsberar
 

Velkomen til nettsida for Stiftinga Brørvikskuto. Stiftinga eig mellom anna den rekonstruerte "Brørvikskuto", ein flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Skuta er i aktiv bruk som ein dokumentasjon av dei opne og klinkbygde frakteskutene som i si tid vart nytta i dei indre delane av Nordhordland, og som det no ikkje finst fleire att av. Skuta er lokalisert i Stamnes i Vaksdal kommune, og i desse traktene hadde mange av gardane si eiga skute. Dei vart mest brukte til å frakta ved til Bergen, og vart difor kalla vedaskuter. Dei vart òg kalla ostraskuter, sidan dei oftast kom frå området rundt Indre Osterfjord, og i Bergen vart dei gjerne kalla vosseskuter.


På veg til Bergen, lasta med ved. Frå vedprosjektet i 2015. Foto: Torje Bjellås/NRK



Stiftinga Brørvikskuto
Stiftinga Brørvikskuto står som eigar av skuta, Skutenaustet og ein gamal seksæring. Ho er sett saman av personar frå ulike miljø med ei felles interesse for å lata skuta gjera fjordkulturen levande for ålmenta. Formidlingsverksemda er i hovudsak retta mot born og ungdom. Det å verta transportert i ein so stor open båt er ei oppleving i seg sjølv. I tillegg til gode opplevingar på fjorden med roing og segling, får dei læra om skuta og fjordkulturen.

Meir informasjon om stiftinga finn du her

"Brørvikskuto" ved Smørhamn. Foto: Atle O. Bolstad.

Skutefolket
Den store innsatsen frå veneforeininga Skutefolket er heilt avgjerande for at "Brørvikskuto" kan koma på sjøen kvart år. Dei tek seg av drift, vedlikehald og formidling av skuta og fjordkulturen. Det er ei samling av kjekke og flinke dugnadsfolk som har som mål å skapa eit levande miljø kring skuta. Dei vil ta vare på ferdsla og syna korleis skutene vart brukte.

Det er mange måtar å bidra på i Skutefolket. Du kan ro, segla, spleisa tau, vera matros, fortelja gode historier, ta med nistekorg på dugnad, syngja eller spela, dansa og elles vera med på å laga tilskipingar kring skuta. Ingen er flinke til alt, men alle er flinke til noko! Det sosiale samværet har ein brei plass. 

Skutefolket sin blogg finn du her.
 
Skutefolk i tiljedans på Hansadagene i Bergen.

Skutenaustet
I Skutenaustet på Kvamsholmen har "Brørvikskuto" ein varig heimstad i vinterhalvåret. Der det før sto ei nothengje, har Stiftinga Brørvikskuto reist eit grindbygg i samarbeid med Vestnorsk Kulturakademi på Voss. Naustet er 18,5 meter langt og 9 meter breitt. Arbeidet vart utført som eit kurs i byggjeskikk og bygningsvern. I tillegg til kursdeltakarane var medlemer frå stiftinga og Skutefolket med i reisinga.

Kvamsholmen ligg i Veafjorden, som er den mest særmerkte fjorden i indre Nordhordland. Her er gardane framleis veglause, og "Brørvikskuto" vil kunna driftast i eit sjøbruksmiljø som ligg tett opp til det som var før i tida.


Sjøsetjing frå Skutenaustet. Foto: Anne-Mari Hannisdal.



        Rediger