Om Skutefolket
Det er mange som er oppglødde over at Brørvikskuto er komen på sjøen. Desse er no samla i eit venelag som kallar seg Skutefolket. Skutefolket er ei samling med kjekke og flinke dugnadfolk som har som mål å skapa eit levande mijlø kring Brørvikskuto. Målet til Skutefolket er å på ferdsla og syna korleis skutene vart brukte i fjordane våre.
 
 Meld deg inn i dugnadsgjenngen Skutefolket her

Det er mange måtar å bidra på i Skutefolket: Du kan ro, segla, spleisa tau, vera matros, fortelje gode historiar, ta med nistekorg på dugnad, syngja eller spela, dansa og elles vera med på å laga tilskipingar kring skuto.

Ingen er like flinke til alt - men alle er flinke til noko! Saman er Skutefolket ein gjeng ulike menneske med ei felles gleda: Å ta vare på soga om skuteferdsla og oppleva korleis desse skutene vart nytta, før dampbåter, motorfartøy, tog og lastebåter tok over. Det sosiale samværet har ein brei plass hjå oss!
 
Det kviler ikkje kvila økonomiske krav på Skutefolket, men ei viss organisering med medlemskap og lagspengar har me funne det naturlig å ha. Prisar får du opplyst ved å ta kontakt med vedkommande som er sett opp under linken Kontakt i venstre marg.

Skutefolket i "Tiljevals" på Brørvikskuto. (Foto: Ruth Olsnes)
 
Organisering av Skutefolket
Den 10. september hadde skutefolket sitt første møte i Kvamsnaustet der det fyrste styret vartvalt:

Helene Kvamme - leiar
Trude Kallestad - nestleiar/skrivar
Susanne Leiren - kasserar
Arnljot Møster - styremedlem
Kjell Arnstein Vedå - styremedlem

Varafolk:
Ben. Norby
Atle O. Bolstad
Oddny Kallestad
Liv Seime Stamnes


Ein flytande tradisjonsberar
Den rekonstruerte vedaskuta Brørvikskuto, er vorte ein flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Då dampskipa kom inn i fjordferdsla på midten av 1800-talet fekk det dramatiske følgjer for skutetrafikken.
Om Brørvikskuto
Om stiftinga Brørvikskuto
Om Skutefolket
Om Kvamsholmen


Meld deg inn i
dugnadsgjengen
Skutefolket her!