Ein flytande tradisjonsberar
Brørvikskuto skal vera ein opplevings- og kunnskapsarena til lokale og regionale nærings- og turistverksemder. Det å verta transportert i ein så stor, open båt er ei oppleving i seg sjølv. Aktivitetar som roing, segling og knuteslåing kan utvida tilbodet.
 
Formidling retta mot born og ungdom spenner over eit vidt felt, frå gode opplevingar på fjorden med transport av produkt frå elevbedrifter til formidling av soga til fjordferdsla. Skuto er og eit tilbod til dei som er interessert i trevirke og byggeteknikk knytt til skuto.


Ein flytande tradisjonsberar
Den rekonstruerte vedaskuta Brørvikskuto, er vorte ein flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Då dampskipa kom inn i fjordferdsla på midten av 1800-talet fekk det dramatiske følgjer for skutetrafikken.
Om Brørvikskuto
Om stiftinga Brørvikskuto
Om Skutefolket
Om Kvamsholmen


Meld deg inn i
dugnadsgjengen
Skutefolket her!