Om stiftinga Brørvikskuto
 
Stiftinga Brørvikskuto er sett saman av personar frå ulike miljø, men med felles interesse for å la skuto gjera fjordkulturen levande for ålmenta.
 
Føremål
Stiftinga Brørvikskuto vart stifta 7. mai 2002 i Kvamsnaustet, Vaksdal kommune.
Stiftinga sitt føremål skal vera:
- å kjøpa og ta vare på Brørvikskuto
- å arbeida for at ho vert brukt til å formidla den tradisjonelle kulturen i Nordhordland til eit såbreidt publikum som mogeleg
- å arbeida for å kopla bruk av skuto mot lokalt næringsliv
- å skapa ein opplevings- og kunnskapsarena for m. a. skular, næringsliv og reiselivet.
 
Styret
Stiftinga skal ha eit styre på seks medlemer med personlege varamedlemer som skal nemnastopp for ein periode på to år slik:
- ein for Osterfjordrådet
- to frå Skutefolket
- ein frå eit av sogelaga i området
- ein frå Osterøy museum
- ein frå Norsk Handverksutvikling, Maihaugen
 
Overdraing av skuto : Leiaren i Stiftinga, Arne Laastad, saman med eigarar av skuto. Frå v. Gunnar S. Haugsvær, Hans Brørvik og Arne Høyland. (Foto: Atle Ove Martinussen)

        Rediger