Foto: Kjell Magnus Økland/Kystsogevekene

Skuta som vart fødd på ny
I dei inste delane av Nordhordland fanst det heilt fram til slutten av 1800-talet eit eige slag opne, klinkbygde frakteskuter. Dei hadde akterspegel med veng og kunne vera av noko ulik storleik. Desse jektene var utstyrte med rektangulært råsegl og berre eitt par årar. Årane var so lange at dei på grunn av tyngda måtte gå forbi ein annan inne i skuta og roast av to mann på kvar åre. Dei som bygde skutene bygde òg færingar, seksæringar og åttringar. Alle desse båtane var ein lokal variant av nordhordlandsbåten. Skutene hadde mykje sams med dei, og båtbyggjarane var del av ein ubroten tradisjon heilt tilbake til vikingtida.

Lossing av ved i Bergen. Utsnitt av foto frå perioden 1865-77. Foto: Knud Knudsen/Universitetsbiblioteket i Bergen.

Mange gardar i fjordane rundt Stamnes hadde si eiga skute. Ho vart brukt når store mengder varer skulle fraktast. Oftast var dette ved som skulle til Bergen, derav nemninga vedaskute. I Bergen vart dei ofte kalla vosseskuter. Desse inste fjordarmane vart rekna for å vera ein del av Voss i gamle dagar, og folk frå Voss leigde gjerne slike skuter. Då måtte skutene gjennom den grunne Bolstadstraumen, og difor kunne dei ikkje stikka for djupt i sjøen. Dei vart ogso kalla Ostraskuter etter området dei oftast kom ifrå, Indre Osterfjord.

Då dampskip og jarnbane tok over, vart det etter kvart slutt på skutefarten. Ingen av dei gamle skutene er tekne vare på, men til alt hell vart det i 1939 laga eit dusin namnsette skisser og skrive ned mål og detaljerte opplysningar om den siste skuta dei hadde på garden Brørvik i Eidsfjorden. Ho vart bygt i 1863. Kjelda til desse opplysningane var eigaren av skuta, Hans Mathiasson Brørvik (1858-1941). Han hadde ogso vølt slike skuter. Denne særs gode dokumentasjonen vart ført i pennen av Johannes Leiro (1885-1963) og seinare prenta i Vaksdal bygdebok, band IV.

"Brørvikskuto" frå 1863. Skisse med namn på dei ulike delane, utforma av Hans Mathiasson Brørvik (1858-1941) og Johannes Leiro (1885-1963). Teikninga manglar dei rette proporsjonane.

På 1990-talet gjennomførde Arne Høyland ei omfemnande dokumentering av båt- og sjøbruksmiljø i Nordhordland. Han fekk då interesse for dei gamle vedaskutene, og leika med tanken på å få bygt ei slik. Men ei slik skute kunne ikkje byggjast etter mål åleine. Spanta måtte formast etter skroget, og ikkje omvendt som på eit nyare fartøy. Båtbyggjaren måtte difor stå i den lokale tradisjonen, ha god formkjensle og kunnskap om skog og vyrke. Helst burde han ha kjennskap til dei gamle vedaskutene òg. Då var det eit lukketreff at han møtte Hans Brørvik (1920-2008), soneson til Hans Mathiasson Brørvik. Han var kan henda den siste som hadde denne omfemnande kunnskapen. I barne- og ungdomstida levde han med bestefaren på garden Brørvik, og han lærte mykje om skog, vyrke, båtbyggjing og dei gamle skutene.

Hans Brørvik (1920-2008) i arbeid med skuta. Foto: Arne Høyland/Norsk håndverksinstitutt.

Arne Høyland gjorde difor avtale med Hans Brørvik om å byggja ei ny brørvikskute. Arne skulle stå for kostnaden og Hans skulle byggja. I desember 1995 tok arbeidet til. Hans var då 75 år gamal. Dette vart det store livsverket hans, frå trea vart felte i skogen, via saga og fram til ferdig skute om lag fem år seinare. Arbeidet vart dokumentert av Arne Høyland, dei to fyrste åra på oppdrag frå Norsk Håndverksinstitutt, seinare i eigen regi. Ein tredje viktig medarbeidar under skogsarbeidet og byggjinga var Gunnar Svein Haugsvær frå Masfjorden. "Børvikskuto", som var sams eige mellom desse tre, vart i 2002 seld til Stiftinga Brørvikskuto. Same året kunne ho sjøsetjast. Ho synte seg å vera eit særs vellukka fartøy på alle måtar. Ho er stødig og flyt lett på sjøen. Med 11 meter lang mast og råsegl kjem ho fort opp i ni knops fart. Den 40 fot lange og fem meter breie skuta har heller ingen vanskar med å lasta 12 mål bjørkeved. Det tilsvarar omlag 10 tonn. «Brørvikskuto» er eit unikt og umisseleg minne om farne tider.

I den rikt illustrerte boka BRØRVIKSKUTO - frå skog til ferdig skute, av Arne Høyland, kan me fylgja Hans Brørvik i arbeidet. Her kan me ta del i kunnskapen hans, frå trea vart felte i skogen, via saga og fram til ferdig skute. Boka kan tingast frå Museumssenteret i Hordaland, Salhusvegen 201, 5107 Salhus, e-post: post@muho.no

"Brørvikskuto" har ei viktig rolle i episode 5/sesong 15 av NRK sin fjernsynsserie "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Du finn programmet her: https://tv.nrk.no/se?v=DKSF47000616&t=9s


        Rediger